Stor motbakkehelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2011
Laurdag 6. august vert Saudehornet Rett Opp arrangert. Dette som ein del av Naturfestivalen i Ørsta. Løpet er elles det største motbakkeløpet i Møre og Romsdal. Medrekna mosjonistar har det på det meste samla 1000 deltakarar.
Kor mange som stiller frå VIL veit vi ikkje. Men Kjell Magnar Berli og Nils Terje Skylstad står i alle fall på påmeldingslista til arrangøren Saudehornet, der det er målgang, er 1303 meter høgt, så det er ei bra kraftprøve for dei som kjempar mot seg sjølv og klokka. Særleg siste delen er krevjande.
Same dag vert Fanaråken Opp arrangert. Også dette løpet har tidlegare samla lokale deltakarar.
VIL-nett kjem med resultat frå løpa så snart dei ligg føre
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024