Velledalsteam i Valldal
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2011

Sjå foto. Rykta seier at eit nytt team er i emning i Velledalen. I dag samla dei impulsar i Valldal, og dei såg ut til å like det dei såg.
Ubekrefta rykter seier karane arbeider med teambygging rundt eit muleg langrenns-comeback for Frank Hole. Han var i sine beste år ein av dei kvassaste løparane VIL har hatt. Etter det VIL-nett forstår, vert Frank einaste løparen i teamet, dei tre andre som er avbilda vil utgjere støtteapparatet.
Svein Nakken i VIL- langrenn seier til VIL-nett at dette er ukjent for han. Men han held det likevel for urimeleg at dei fire reiser til Valldal og ser mannfolk gå på rulleski om ikkje impulsane derifrå skal omsettast i handling.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024