Sommarvikaren i Regndalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2011

Etter å ha vore innom høgaste fjellet (åsen) i Akershus i ferien, er no sommarvikaren tilbake for å kaste lys over stoda på VIL sine trimpostar.



Akershus er langt frå noko ”fjellfylke”, berre så det er nemnt. Høgaste ”fjellet” er nemleg Fjellsjøkampen med sine 812 meter.



Når det gjeld trimposten i Regndalen, rapporterer sommarvikaren om lavt nivå dette året. Geir Helge Grebstad har vore ”Kongen av Regndalen” dei siste åra. Ofte med særs høg turfrekvens. Dette året nøyer han seg med å kontrollere feltet, er det likt til. Stoda pr. 27. juli var slik:


18 turar: Geir Helge Grebstad


9 Arnt Brunstad


7 Harald Velle


6 Marianne Urke


6 Kris-Levi Hansen


5 Sindre Alnes Aurdal



Trimgruppa skifter bøker om lag 1. oktober, noko som markerer slutten på årets sesong. Om nokon vil legge inn ein spurt,
   er det enno to månader å gjere det på.