Bø-Sverre i parløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2011
Løpet går over to dagar. Fyrste etappe er på heile 54 kilometer, andre dag spring løparane 27 kilometer. Sverre Gunnar brukte 5.35.42 fyrste dag, ei tid som heldt til delt tiandeplass med klubbkameraten frå Lørenskog FIK, Ole Grom Berg.
Også dagen etter sprang klubbkameratane likt, men vesentleg svakare. Med ei sluttid på 2.31.16 kom parhestane ikkje mellom dei tjuve beste andre dag, men samanlagt kom dei på heiderleg delt 14.plass med tida 8.06.58. 39 løparar føllførte i herreklassa, som fekk Runar Gilberg, SK Vidar, som samanlagtvinnar med 6.25.11
Beste kvinne vart Gloria Vinstedt, FK Studentorna, med
sterke 6.37.31
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024