Hornindalvatnet maraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2011
Sjansen til å springe langs Europa sin djupaste innsjø (514 meter) med startnummer på brystet er ein årleg tradisjon i Hornindal. Full maratondistanse (42195 meter), halvmaraton , 10 kilometer og miniton står på programmet. Samla er det venta langt over 100 deltakarar.
Vi har ikkje full oversikt over lokale utøvarar på startstreken. Men vi veit at Alf Petter Bøe stiller til start i milløpet. Resultat vil bli lagt ut på heimesida så snart dei ligg føre.
No er det òg slik at hendingane i Oslo og på Utøya, kan gjere at planlagt aktivitet på ymse frontar uteblir denne helga. Lett å forstå, og tida vil vise.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024