Spreke sykkeldamer
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2011
Nyleg sykla den spreke duoen Dombås-Oslo, ei strekning på kring 350 kilometer.
Syklinga fann stad same helga som Trondheim-Oslo vart arrangert. Opplegget er slik at den som ynskjer kan sykle deler av løypa. Eksempelvis Dombås-Oslo eller Lillehammer-Oslo.
På biletet ser vi dotter og mor. Tek vi ikkje mykje feil er det dottera til venstre, som heiter Christina Holmberg.
Mora heiter Nina Ekelund.
Og det er ikkje fyrste gongen duoen er ute på harde sykkelturar. Strekningen Dombås-Oslo gjekk greitt. Kanskje vert det Trondheim-Oslo ved neste korsveg….?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024