Skogsvegen Drabløs
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2011
No ska du få høyre ei ganske utrulig forteljing, så berre len deg tilbake men følg godt me i svingane! Her skjer d mykje utrulig!!
I dag starta ej på ein lett trimtur til skogsvegen Drabløs. På førehand hadde ej høyrt at d e ganske vanskleg å finne denne trimposten, men ej skulle motbevise alle som tvilte og skaffe meg to nye trimpoeng. Vegen splitta seg tidleg, men eg valde å gå den lange og fine traktor/grusvegen langs kraftlinja. Dette viste seg å vere eit korrekt val.
Ej gjekk langt om lenge og lengre enn langt, medan eg speida etter ei kasse langs vegen som trimboka kunne ligge i. Men eit slikt syn fann eg diverre ikkje. SÅ derfor tok ej meg ei lita pause og fotograferte heller den flotte utsikta.
Etter pausa tok ej beina fatt igjen, og måtte mange gongar nesten krype under store tre og greiner som hang over vegen for å sjå kvar stien førte meg. Til slutt hadde eg gått så lenge at tanken om at eg hadde gått meg vill hadde byrja å surre inne i hovudet mitt. Derfor tok eg mange bileter av naturen i håp om at andre kjenningar av denne naturen evt kunne fortelje meg seinare om ej hadde vør på rett veg. - på dette tidspunktet hadde eg eigentleg gitt opp å finne den forbaska trimposten. (dei flotte naturbileta eg tok = attgrodd sti, sjå bilde )
Ej måtte diverre innsjå nederlaget, og byrja derfor på turen ned igjen... i frustrasjon laga ej meg ein hatt av ein plastikkpose og poserte med "tommel ned" for å beskrive humøret mitt. (sjå bilde ) NB: BILDE SKAL IKKJE UNDER NOKON OMSTENDIGHEITE BLI PUBLISERT PÅ WWW.VELLEDALEN.NET) PS: då bli d bråk...
Etter å ha traska ganske longt ned igjen, ringde eg trimposteksperten Nils, i håp om at han kunne guide meg til trimposten via telefon. Han gav meg denne reiseskildringa: gå forbi benken - så byrjar det å stige - gå forbi/inni ein granskog - sjå etter ei bjørk på høgre side av vegen - der skal det henge ei kvit kasse!
Og eg gjorde som Nils sa. Gjekk ned igjen til benken, følgde vegen til han byrja å stige, gjekk forbi eit par grantre, såg mange bjørke - men ingen med ei kvit kasse... Ej hadde eigentleg gitt opp for andre gong når eg såg noko inne i skogen. Der låg ein litt stor planke/stokk som likna litt på ein benk. Der var også ei lita rås, nesten som ei trapp, som førte opp til denne planken. Ej gjekk opp råsa, og når eg snudde meg, kjende eg den deilige lykkekjensla bre seg ut i heile kroppen. Bak ei stor gran, var ei bjørk med ei kvit kasse (som er usynleg frå vegen dersom du ikkje er kjend i området). Ej hadde klart d, ej hadde funne trimposten :D :D :D
(bilde viser grantreet som skjuler bjørka med kassa) men etter å ha studert dette grantreet viser d seg at d er merka, med ein liten plastposebit!
Men den deilige lykkekjensla forsvann ganske fort. Ej oppdaga nemleg at det vat to SNIGLA på posen uttapå boka.
ikkje so veldig happy lenger neii....
Så høgdepunktet dykk har venta på!
Topp 6 lista:
1. Annlaug Lervåg 27
2. Pernille Lervåg 5
3. Andrea Velle 3
4. Jens Birger Lervåg 3
5. Petter Hole Drabløs 3
6. Kjell Magnar Berli 2
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024