Vellukka grillkveld
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2011
For 23. gong smakte kotelettane til trimgruppa framifrå godt på Brunstadsætra.
Vêret var rimeleg bra og godt hundre personar kosa seg på sætra. Arnt, Nils
og Hans-Olof hadde god kontroll over grillinga. Bjørg, Anita og Marit tok seg av det øvrige. Utekokt kaffi og heimebakte kaker gjekk ned på høgkant. Ungane leika seg, og sjekka bingotal med stor iver. Somme vann, andre ikkje – akkurat som før.
Takk til trimgruppa for nok eit fint arrangement. Og som vanleg med lave, familievennlege prisar der økonomisk profitt ikkje er drivkrafta.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024