Hellesyltløpet i går

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2011

Helge Hafsås gratulerer Arnt Åge med triumfen.

Dei gjorde sine saker svært så bra.


Arnt Åge vann like godt den kortaste distansen på 1560 meter, som er eit løp for jenter og gutar under 16 år.



Robin sprang den lengste distansen, som er eit terreng/landevegsløp på 6600 meter. Vinnar av løpet vart maratonkongen Helge Hafsås frå Olden IL med tida 23.21. Robin kom inn på sjuandeplass med tida 26.23. Ein svært sterk prestasjon av ungguten, som hadde 20 løparar bak seg ved målgang.