”Opp på Sætra” arrangert i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2011

12 deltakarar deltok i konkurranseklassa under ”Opp på Sætra”. Løpet hadde start frå ungdomshuset Vaarvon og mål på Straumsheimssætra. Vinnar vart Henrik Waagan Skarbø, unggut frå Ørskog, som skal byrje i 2. klasse ved Stranda vidaregåande skule (idrettslina) til hausten. Velledalingen Kjell Magnar Berli (23) vart nummer to, føre ein anna unggut Robin Jørgensen på tredjeplass.



Anne Berit Støyva frå Emblem IL var einaste kvinne i feltet. Olaf Øien, som representerer Velledalen IL, var den klart eldste deltakaren med sine 67 år.



Straumgjerde Vel har hatt to fine motbakkeløp denne sommaren. Dette burde utviklast vidare til ein ”motbakkekarusell” i samarbeid med Velledalen IL, gjerne kalla ”Sætrekarusellen”. I Velledalen ligg tre flotte distansar klare:

Hole-Myrdalen
   

 Brunstad-Vellesætra
   

 Brunstad- Brunstadsætra
   


Når ein i tillegg har ”Opp på Bruna”
   og ”Opp på Sætra” ( pluss eventuelt eitt til), kunne dette blitt eitt flott mosjonskonsept. Dessutan er distansane så korte at løpa ikkje treng arrangerast i helgar. Kanskje kan dette bli ein realitet til neste sesong…??



Resultat frå ”Opp på Sætra”, arrangert sundag 10. juli 2011

Henrik Waagan Skarbø 16.19
   

 Kjell Magnar Berli 18.19
   

 Robin Jørgensen 19.09
   

 Eivind Fet 19.29
   

 Erik Forbord 20.06
   

 Jo Andre Tandstad 20.39
   

 Knut Kristianse 22.55
   

 Anne berit Støyva 23.26
   

 Håvard Dahl 23.31
   

 Olaf Øien 25.32
   


  Marco Nordseth tid ukjent