Vi tek pulsen på trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2011
Om litt over tre månader skifter trimgruppa ut bøkene på postane sine. Korleis er stoda rundt omkring.
VIL-nett sin ferievikar starta denne krevjande jobben på sjølvaste jonsokaftan. I lett regnvêr og tjukkeskodde - og pluss 10,3 grader - la ho ut på turen til trimkassa ved Sætreelva. Der var topp-5 stoda slik; over antal noteringar pr 23. juni.
97 Elling Hole
85 Nils Terje Skylstad
30 Kjellaug Ulset
30 Ingrid Hole
29 Oddmund Skylstad
Konklusjon: Ikkje uventa er det personar busette på Hole som nyttar posten til trimturar. Snittalderen er rimeleg høg på dei ivrigaste. 80 prosent av utøvarane på topp-5 lista har passert 70 år. Kjellaug og Oddmund er begge godt over 80. Oddmund vert 88 år i november.
Nils er åleine om å representere den yngre garde, med sine 54 år (i september). Om ingen legg inn ein drabeleg langspurt, kan vi alt no slå fast at trona på trimposten SÆTREELVA (gir to poeng) vil gå til Elling Hole eller Nils Terje Skylstad.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024