Kjell Magnar og Olaf imponerte i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2011

Kjell Magnar snart i mål

Velledalen IL markerte seg med èin debutant og èin veteran i Geiranger i dag.



Tida til Kjell Magnar Berli (23) var den største sensasjonen sett med VIL-auge. Kjell Magnar debuterte
   i Nibbeløpet og gjorde det med bravur. Tida 1.53.12 heldt til 10. plass i klasse 23-39 år. Klassa vart vunnen av løpsvinnar,
   Hans Martin Gjedrem, med tida 1.36.26. I same klasse vart Tomasz Rzadkiewicz (Pe-Tomasz) nummer 60. av 66 løparar, med ei tid litt i underkant av tre timar.



Olaf Øien vann klasse 65-69 år med tida 2.38.56. Ein glimrande prestasjon av veteranen



Per Steinar Linga vart nummer fire av 72 deltakarar i Nibberittet klasse 30-39 år. Per Steinar sykla på sterke 1.18.46. Mari Leichty tok ein sterk 6.plass i klasse 20-29 år med 1.56.47. I klasse 30-39 år vart Grethe Lekven nummer ni med 2.29.50.



Forholda i Geiranger var ikkje dei aller beste med tåke og regn tidleg på dagen. Etterkvart vart det opphaldsvêr. Temperaturen var akseptabel med 5-6 plussgrader på toppen av Dalsnibba.