Klart for motbakkeløp i Straumgjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2011
Spiss forma, datoen er 26.juni.
Løpet heiter ”Opp på Bruna” er 2590 meter langt med ei stigning på 350 høgdemeter. Det svir i kroppen når ein pressar tempo. Men dette burde vere eit overkomeleg motbakkeløp som både mosjonistar og sprekare folk kan delta i
Når straumgjerdingae fyrst er i farta nøyer dei seg ikkje med eitt løp, gjer nestleiar i Straumgjerde Vel, Martin Brunstad Høydal, greie for gjennom ein e-post til VIL-nett.
Løp nummer to vert arrangert 10.juli, under namnet ”Opp på Sætra”. Her kjem vi tilbake til lengde og høgdemeter seinare.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024