Smånytt måndag 6.juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2011
Ole-Johnny Myrseth representerer Velledalen IL i langrenn og Hundeidvik IL som syklist.
I helga gjorde Ole –Johnny det bra i Ekornesrittet. Han sykla den 38 kilometer lange terrengløypa på 1.46.41. Det heldt til fjerdeplass av ni deltakarar i den største klassa, 30-39 år.
Diverre var deltakinga i årets ritt særdeles svak, med berre 24 deltakarar. Arrangementsmessig er det same jobben som må gjerast om der er 24 eller 80, men synd for Sykkylven Sykkelklubb som heilt sikkert hadde lagt ned mykje arbeid i rittet.
Kenneth Fet står i deltakarlista som påmeld til Nibberittet 21 i Geiranger laurdag 12.juni. Men Kenneth har meldt til VIL-nett at han ikkje vert mellom deltakarane i Geiranger i år. Langrennsløparen har to deltakingar på sykkel bak seg frå tidlegare.
Terje Aurdal har meldt til VIL-nett at stafett-arrangementet ”Tour de Sykkylven” ikkje vert arrangert i 2011, då det har vore vanskeleg å finne ei høveleg helg. ”Arrangementet som samla fire lag i 2009 var eit samarbeidsprosjekt mellom Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024