Kanonløp av Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2011
Kjell Magnar Berli i mål på Koldabakken Grand prix 29 mai
Vi gratulerer Kjell Magnar Berli. I går fekk han sitt definitive gjennombrot som langdistanseløpar.
Det skjedde under ”Varden Opp” på Sulafjellet – eit 7,8 kilometer langt fjelløp med ei stigning på knappe 800 meter.
Av totalt kring 80 deltakarar på tid, vart Kjell Magnar nummer fem. I klasse 23-39 år (den hardaste) vart vår mann nummer tre av 21 deltakarar. Totalvinnar vart stavangermannen Øystein Halvorsen, 35 sekund føre Anders Bugge frå Eidsvåg
Her er dei beste i klasse 23-39 år:
Øystein Halvorsen 46.38
Joar Moldskred 47.27
Kjell Magnar Berli 48.41
I fylgje resultatlista til arrangøren (Langevåg IL) var Kjell Magnar Berli einaste lokale løpar, og vi er stolte over innsatsen.
Dette var glimrande Kjell Magnar – om ei veke er distansen 21 kilometer med 1500 meters stigning, og staden er Geiranger!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024