Knallbra av Per Steinar

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2011

arkivfoto

Sykla Bergen-Voss på
   4.29.14 i dag


Sykkelrittet Bergen-Voss har to alternativ når det gjeld lengde. Per Steinar Linga deltok i den tøffaste utgåva, 162 kilometer.


Sauebonden frå Velledalen kom inn på tida 4.29.14. Det heldt til 26. plass i klasse 30-39 år. Øystein Blom-Ohlsen vann klassa på 4.15.06



Når vi skriv knallbra i overskrifta er det fordi dette er eit stort ritt. Berre i Per Steinar si klasse deltok 1048 deltakarar. Av eit slikt antal er det ein framifrå prestasjon å bli nummer 26. Dette teiknar bra med tanke på toppen av Dalsnibba sundag 12. juni, Per Steinar !