Svein Arne Nakken raskast opp Koldabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2011
16 deltakarar fullførte
i tredje utgåva av Koldabakken Grand Prix. Svein Arne Nakken var raskaste herre, Christina Holmberg raskaste kvinne.
Deltakarane var i alderen 3-70 år. Alle fekk kjenne på mjølkesyra, og eit av dei store samtaleemna etter løpet var at ikkje ein einaste gut i folkeskulealder frå Velledalen deltok.
Det er nok ein gong verdt å minne om gymnastikklærar Ohr frå Nordmøre som har testa elevar gjennom ei tre kilometer lang løype frå 1980-talet og fram til i dag. Hans testar viser at gjennomsnittsguten spring tre minutt seinare på denne distansen i dag enn på 80-talet. Rett og slett skremande!
Her er namna på dei som kom under fire minutt
1.56: Svein Arne Nakken
2.04: Jon Hjortdal
2.05: Kjell Magnar Berli
2.10: Ole Peder Holmberg
2.23: Christina Holmberg
2.32: Per-Gunnar Holmberg
3.00: Sivert Nakken
3.03: Emma Holmberg
3.04: Lene Hole
3.10: Sofie Skylstad Hole
3.34: Elling Hole (sprek 70-åring)
3.45: Andreas Nakken
3.48: Johanne Hjortdal
I klassa for barnehagealder deltok desse:
Julia Hole
Sophia Holmberg
Pernille Linga
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024