Tap av grasrotspelar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2011
For fyrste gong etter at ordninga kom i stand – for godt over to år sidan – har VIL mist ein grasrotspelar.
Vi veit ikkje kva som har råka denne personen. Det kan vere naturleg avgang – i verste fall død – eller vedkomande kan ha meldt overgang til anna lag/ organisasjon. Sikkert er det i alle fall at vi no står registrert med 74 spelarar, mot 75 ved månadsskiftet april/mai. Men våre 74 tippar friskt, så alt tyder på ein god tippemånad (1250 kroner pr.20.mai).
Når det gjeld naboane våre er alt stabilt. Ingen endringar korkje for Velledalen skulekorps (18), VRF (40) eller Velledalskoret (10).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024