Linga og Leichty syklar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2011
Hittil er 655 personar påmelde til stormønstringa i Geiranger 12.juni. Dei fleste vil nå toppen av Dalsnibba med pedaltrakk, mellom dei Per Steinar Linga og Mari Leichty.
Vi har tidlegare meldt om påmelde som representerer Velledalen IL. Per Steinar har tidlegare representert Ekornes BIL, men er no i stallen til Sykkylven Sykkelklubb. Per Steinar har lang røynsle som syklist, og har fleire sterke resultat
mellom anna frå Geiranger. Om tobarnsfaren frå Brøvoll har toppforma inne så vidt kort tid etter lamminga skal vere usagt, men PSL greier mykje berre på rutina.
Sykkylven SK er som vanleg svært godt representert på lista over påmelde. Ei av dei vi er spente på, men som ikkje syklar for SSK, er Mari Leichty. Bak namnet hennar står det TREN i påmeldingslista.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024