Høgsesong for trimbøkene

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2011

Holetindane

Særleg til posten Brune (Straumgjerde) herskar det den reinaste trimfeberen.



-Fyrste boka ved den posten er fullteikna for lenge sidan, og truleg må eg ha klar den tredje før fellesferien, fortel trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad. Han kan melde at dei ivrigaste alt er oppe i svimlande turtal på denne posten.


-
  
 Alt tyder på at det for tredje år på rad vert sett ny samanlagtrekord, om ikkje dei ivrigaste dreg på seg belastningsskader, slik at dei MÅ trappe ned, seier leiaren.



Sjølv var Nils innom posten på Holetindane for ei veke sidan, og melder om gode forhold derifrå. Den posten ligg høgast over havet av VIL-postane, dermed er det berre å pakke tursekken.



Sluttstrek for trimsesongen skjer når trimgruppa skifter til nye bøker – om lag 1. oktober. Dit er langt opp og fram. Som vanleg vert det omfattande premiering både på kvar post og samanlagt.


GOD TUR!