Honnør til ”Konradrypa”
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mai 2011
Årets russekull i Sykkylven er mellom dei mest kreative og skapande i Sykkylven vidaregåande skule si levetid. Både russerevyen og årets utgåve av ”Gaukeriå” viser det.
Difor må vi her på VIL-nett gratulere ”Konradrypa” (redaktøren) med resultatet. For dei som ikkje veit det er denne rypa ei av våre eigne. Ho er mellom anna identiske med det menneske av arten hokjønn, som ligg på andreplass når det gjeld KM-titlar i Velledalen IL. Då snakkar vi om ei historie som strekkjer seg frå 1906-2011. Og til disse (uttrykk frå Konrad Brunstad), er ho dronninga av Konradløpet, med 2x18.46 som bestetid
Det vil alltid vere delte meiningar om kva som er ei god russeavis. Enkelte årgangar har vore syltynne, andre veldig gode – naturleg nok. Avisarbeidet vert ulikt prioritert, og ikkje minst er det personavhengig. Som lesar av alle utgåvene av ”Gaukeriå” kan vi trygt slå fast at årets utgåve er inne på topp-5 lista ”ever”.
Mykje interessant lesnad, eksempelvis ”dialekt på avvegar”, ”kreativ gymvurdering”, ”-Gi upp ?….då he du tapt!” og ”angels of mercy”. Siste tittelen velskrive frå VIL sin premiegeneral, Morten Holmberg, med base i Vik i Sogn, og som sjølv sleit med russeavisa i 1980 saman med velledalingane Sigbjørn Ånes og Jostein Berge. Den gongen utan data som hjelpemiddel (ja, det var muleg).
Då står det berre att å ynskje lukke til med eksamen. Og ekstra lukke til til dei mange lokale heltane i årets russekull. Var 1980-utgåva ”angels of mercy”, spørst det om ikkje 2011- utgåva har funne same spora.
I alle fall, gratulerer med sluttproduktet Hilde !
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024