Løparprinsen til Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2011
Kenneth Fet (foto) får selskap av mellom andre Kjell Magnar Berli på toppen av Dalsnibba 12. juni
Vi har tidlegare meldt at Kenneth Fet, Olaf Øien, Tomasz Rzadkiewicz deltek i Geiranger 12.juni. Der får dei selskap av Velledalen sin nye løparprins, Kjell Magnar Berli.
Kjell Magnar har trena godt med ein kombinasjon av fjellturar og springing siste året. Under Konradløpet viste han musklar – 16.05 heldt til 8.plass totalt, sekundet bak skiløparen Kenneth Fet, men tre føre ”kongen”, Nils Skylstad.
I Geiranger skal Kenneth sykle, Kjell Magnar skal springe. Men dei skal gjennom same løypa. Start i Geiranger sentrum, mål på toppen av Dalsnibba. Heile turen er på kring 21 kilometer med ei stigning på 1500 høgdemeter. Kenneth deltek for tredje gong, Kjell Magnar er debutant.
-Kva vert målsettinga di når du stiller til start 12.juni klokka 11.30, Kjell Magnar.?
-Målet er å greie turen på to timar
-Og Konradløpet, kor nøgd er du med innsatsen din der?
-Under trening har eg brukt like i underkant av 17 minutt. Eigentleg gjekk det lett, og eg hadde krefter igjen då eg svinga inn på hovudvegen ved Bjørkehuset. Tida er eg særs godt nøgd med. Var artig å slå Nils (16.08). Eg visste han var i god form og ville greie ei tid på 16-talet, difor hadde eg som eit lite mål å halde meg i nærleiken av han.
Kjell Magnar deltek i klasse 23-39 år. Vanlegvis den største klassa mellom dei som spring halvmaraton. Hittil er 45 deltakarar påmelde i denne klassa – det vert heilt sikkert fleire
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024