Pe-Tomasz påmeldt i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2011

Den store sjølvpinardagen i Geiranger i 2011 vert arrangert 12.juni, med sykling, løp og turmarsj. Og vi finn lokale heltar mellom dei påmelde.



Spreke Kenneth Fet er påmeldt i sykling, heilt frå fjorden til toppen av Dalsnibba. Kring 21 kilometer og 1500 høgdemeter skal forserast. Årets ritt vert deltaking nummer tre for Kenneth.



Olaf Øien er superveteran og startar i klasse 65-69 år. Han skal springe same distansen som Kennth skal sykle. Olaf er mellom dei ”faste” deltakarane i Geiranger.



Elles registerer vi at Tomasz Rzadkiewicz (også kalla Pe-Tomasz) skal delta i halvmaraton. Han vart i år nummer 45 i Konradløpet med tida 20.41 (beste utlending). I Geiranger vert det andre bollar for Tomasz, men han greier nok turen med glans.



Vi ynskjer karane lukke til med treninga fram mot deltakinga, og kjem tilbake med namn på fleire lokale sjølvpinarar i nær framtid.