Sesongen for motbakkeløp i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2011

Jo Andrè Tandstad (Bilete frå Kondis.no)

I går opna sesongen for motbakkeløp med Eikenosa Opp. Olaf Øien og Jo André Tandstad var der.



43 deltakarar – ny rekord –

  møtte til start i løpet som går frå Eikenosvågen til demningen ved Røssevollvatnet. Ein avstand på 4,5 kilometer og høgdeskilnad på 350 meter.



Løpsvinnar vart Jan Kjetil Vinnes med tida 20.44. Jo André Tandstad kom inn på ein finfin 8.plass med tida 24.05. Vår spreke pensjonist, Olaf Øien, noterte 29.05 på 25. plass av dei 43 deltakarane.



Heretter går det slag i slag med løp stort sett kvar einaste helg. Gjer vel å melde inn resultat til, E-post: atlehole@online.no
   eller tlf. 917 43 761 – 70 25 07 49


Olaf Øien

Bilete frå kondis.no