Flotte skiforhold i fjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2011
Søndag,8. mai, arrangerer Stranda Turlag tur til Ytstevasshornet (1330moh), og det er meldt om veldig faste og fine snøforhold i fjellet. Turen startar frå parkeringsplassen i Hevsdalen og ein går slalomtraséen opp til den gamle Raude Kors-hytta som ligg like ved Paviljongen på Furset-sida. Då er ein femdel av turen til toppen unnagjort. Vidare går turen litt innover Langedalen før ein går slakt oppover mot Tuvegga (1181 moh), der ein er ferdig med tre femdelar av turen til toppen. Frå Tuvegga renner ein ned til Tindeskardvatnet (995 moh), der SIL Trim- og Friidrettsgruppa har sett opp ein av sine mange trimpostar. Turen vidare oppover mot Ytstevasshornet går først i litt skrånande terreng, før terrenget flatar ut breitt og innbydande siste halvdelen mot toppen. Turen til toppen vil ta ca. 2,5 timar frå parkeringsplassen. I tillegg kjem pausar.
Ytstevasshornet har den siste tida kome i søkjelyset pga personar som har falle ned frå toppen. Dei aller fleste som besøkjer Ytstevasshornet avsluttar turen på flat og fast grunn. Nokre vel imidlertid å ta av seg skia og gå på føtene bort til eit utkikspunkt som ligg ca 50 m lenger vest. Det er då ulykkene har skjedd pga at det i løpet av vinteren har bygd seg opp overhengande skavlar som har «lurt» turgåarane.
Dei fleste reknar Ytstevasshornet for å vere eit «snilt» fjell som eignar seg spesielt godt til skigåing og renning i slutten av april, mai og førstninga av juni. Det er spesielt folk frå Sykkylvssida som går turar til Ytstevasshornet, og dei startar som oftast turen ved Svartevatnet. Turen frå Strandafjellet tek kanskje litt lenger tid, men går i eit mykje lettare terreng. Stranda Turlag håper at fleire frå Stranda vil nytte høvet til å bli kjende med denne flotte vårskituren.
Stranda Turlag
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024