Smånytt frå Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2011
Lærar mosa elevane sine
og ymse anna.
Vi har før skrive om startnummer 77 som vart nummer 77 på resultatlista. Denne løparen var ikkje åleine om å ha god ”timeing”. Det viser seg at løper nummer 6 også vart nummer 6 i årets Konradløp. Dette vart vi tipsa om av Per Inge Bjørnestad, som vart beste sykkylving, vel å merke dersom vi reknar Alf Petter Bøe som nordmøring. Men vi velledalingar vil gjerne rekne Alf Petter som ein av våre.
Nils Terje Skylstad hadde utfordra elevane sine til duell. Duell vart det, men denne gongen mosa læraren elevane sine ettertrykkeleg. Skylstad, som blir
54 år i september, kom inn på uforskamma spreke 16.08. Til å bli deprimert av, sett med elevauge.
Elles var nivået høgt i årets løp. Ein måtte inn på 25.41 for å kome mellom dei 100 beste. Dette er rekord. Vidare var det 20 kvinner mellom dei hundre beste – ein flott prestasjon av damene.
Han kom ikkje med på resultatlista over dei 100 beste, men 84 år gamle Harald Relling sprang på 28.54. Sprekt gjort! Som i fjor deltok seks personar over 80 år, og utruleg nok nøyaktig same personane, nemleg: Kjellaug Ulset, Paul Hole, Paul Klock, Karstein Sørland, Rasmus Heltne og Harald Relling.
I gamle dagar var gjerne lærarar, presteskap, lensmenn og doktorar rekna som samfunnstoppar. Lærarane var tidleg ute som deltakarar i Konradløpet. I Konradløpsamanheng kom presteskapet som ein god nummer to ved Per Inge Haugen. I 2011 sende lensmannsstaten Steven Blindheim som prøvekanin (Roar Skoglund var rett nok sendt ut frå Herøy tidlegare).. Så spørst det om Bathia eller nokon andre frå legekontoret stiller neste år. Dei burde det, ettersom dei er omtala av Konrad sjølv i filmen. Og kjem dei seg fyrst over startlina, tippar vi dei i ettertid skriv ut reseptar med rund hand - og med fylgjande oppmoding:
- Du bør stille i Konradløpet – helse i kvar meter
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024