Minikonrad samla 86 deltakarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2011

Innsatsen var upåklageleg og massiv då Bjørn Asle Lade løyste startskotet på Brunstad i kveld. 65 løparar sprang den 1050 meter lange løypa utan tid, 21 med tidtaking.


I yngste feltet hadde vi løparar i alderen 2-10 år. Kasper Alnes Bonesmo (2001) var raskast gjennom løypa, føre Oskar Bakken (2002)
   som ein god nummer to.



I eldste klasse gjorde Jørgensen-trillingane frå Sykkylven U-skule reint bord. Arnt Åge vann på 3.38, knappe sekundet føre Robin. Joacim på tredjeplass noterte 4.01. Av folkeskuleelevane var Petter Alnes Bonesmo raskast med 4.17. Nest best var Simon Hole Skylstad med 4.29. Beste jente vart Andrea Kienzerle med 4.57.



Begge lagpremiane gjekk til Velledalen skule. Både den som gjekk på deltaking i prosent i høve til totalt elevtal, og den som gjekk til beste trio for elevar frå 5.-7. klasse. Her noterte Velledalen skule samanlagttida14.38 mot 15.01 for Ullavik.



Vi kjem tilbake med meir stoff frå Minikonrad seinare, mellom anna samtlege tider for alle løparar 11 år og eldre. Og stor takk til skihopparen Tommy Lianes som deltok - og kasta glans over denne dagen - saman med dei aller yngste.