Bladet Kondis ”Dagens Konrad”

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2011

Når eit løp startar 05.00 om morgonen vert ikkje pressedekninga den beste.



Bladfykane er morgondorske. Det kan ein slå fast etter ni år med Konradløp og grytidleg start. Men etter at Minikonrad kom, har enkelt berga æra etter å ha vore til stades der. Men avisene er faktisk ikkje dei verste.



Nei, den prisen i form av ein stor feit kaktus, går tvillaust til NRK Møre og Romsdal. Trass i at dei er rikt rusta med medarbeidarar frå Sykkylven, har dei til gode å vise seg på dei ni arrangementa som har vore. Vi skal ikkje blande oss i deira interne prioriteringar, men konstanterer dei harde fakta.



I andre enden av skalaen har vi bladet Kondis. Dei har alt meldt frå at dei kjem til jubileumsløpet med ein springande skribent. Med andre ord; mannen skal både delta og dekke løpet. Dei har skjøna poenget, som Konrad Brunstad meir enn ein gong predikerte, nemleg at:


Slagget må ut av kroppen!


-Og korleis gjer ein det?

Jau, eksempelvis gjennom hardt kroppsarbeid eller springing