”Kor vart de av dæm hen…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2011
Overskrifta er eit sitat frå Petter Northug, men det dreier seg ikkje om han denne gongen.
Vi skal tilbake til 1.mai 2008, og eit av høgdepunkta i dei ni Konradløpa som til no er avvikla.
Ti dagar før sin eigen konfirmasjonsdag stod Adrian Hatlestad på startstreken på Brunstad. Som vanleg small skotet klokka 05.00.
Seksten minutt og ti sekund seinare var Adrian i mål. Ei oppsiktsvekkjande tid av ein konfirmant (15-åring). Funksjonærane gnika morgonråmen ut or augene og smilte. Eit rått løp – korkje meir eller mindre.
Vel er bakkane på Lyshol bratte. Men ein kjem ikkje i form av å gå og kike på dei. Hadde Petter Northug sett Adrian i 2008 ville han blitt imponert, og seks dagar før årets løp ville nettopp spørsmålet ”Kor vart de av dæm hen…? vore aktuelt
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024