Konradløpet – ingen Konrad ei veke før løpet.
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2011
Påmeldingane sig inn, men til denne tid er ingen Konrad påmeldt til jubileumsløpet.
I dag er det knappe sju døgn til løpet. Påmeldingane sig inn, og slik det ser ut no kan det bli rekorddeltaking av personar som kjem frå andre stader enn Sykkylven. Dei best represenerte kommunane utanom vår eiga, er så langt Stranda, Sula og Ålesund.
Men ingen Konrad er påmeld. Ikkje førebels, men vi trur dei kjem. Vi minner om at det er gratis deltaking for slike; altså alle med Konrad som føre-eller mellomnamn.
Og vi minner igjen om at dei tre fyrste som kaller guteborna sine Konrad i perioden 1.mai 2011 til 1.mai 2012 vert tusen krone rikare.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024