Spreke påskegjestar

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2011

Etter ynskje frå påskegjestar vart det for fyrste gong arrangert løp i påska.



I alt elleve personar starta. Fire i Minikonradløypa, sju i hovudløypa. Knut Lium, som har løyperekorden med 15.07, gjorde sterke 15.39 langfredag. Det betyr at Lium, som har vunne dei to siste åra, ikkje stiller til start under årets Konradløp 1.mai. Lium er fødd i 1969.



Nokon ungfole er heller ikkje Roger Malvin Hole. Han er 1966-modell, men persa likevel med over minuttet då han kom inn til tida 17.18. Sterkt av ein 45-åring. Imponerte gjorde òg 13-åringen, Mathilde K. Hole, med tida 21.05, og to år eldre Oda Alette K. Hole med 21.49