Påsketurnering
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2011
Fredag 15 April hadde Velledalen Ungdomstrim påsketurnering i fotball i grendahussalen.
Robin Urke Brunstad og Bengt Hole Alnes var hjernene bak, og vi har også hatt tre slike turneringar før, ei påsketurnering og to juleturneringar, og prøvar å få dette til å bli ein tradisjon.
Vi gav lagnamn frå dei laga som er semifinalane i Champions League...d.v.s Real Madrid, Schalke 04, Barcelona og Manchester United samt 2 lag som rauk ut tidlegare i Champions League, Inter Milan og Marseille
Det var 19 påmeldte, men nokre av desse møtte ikkje opp. Heldigvis var det også folk som ikkje var påmeldt som møtte opp, så det gjekk akkurat.
Det vart som planlagt 6 lag, med 3 på kvart lag. = 18 som spelte
Kampane i gruppespelet varte i 4 minutt , og 5 minutt i finalane.
Etter nokre slitsomme kampar i gruppespelet der det vart spelt 6 kamper, var det dei 2 beste laga frå kvar gruppe som gjekk vidare.
Gruppe 1:
Barcelona = 9 poeng
Marseille = 7 poeng
Schalke 04= 5 poeng
Gruppe 2:
Manchester United = 16 poeng
Inter Milan = 6 poeng
Real Madrid = 2 poeng
D.v.s at Barcelona og Marseille gjekk vidare frå gruppe 1, samt Manchester United og Inter frå gruppe 2.
Første semifinalen endte med 1-0 seier til Barcelona over Inter Milan, etter skoring av Ole Peder Holmberg! Barcelona er i Champions League finalen.
Andre semifinalen mellom Manchester United og Marseille endte det 2-2 etter ordiner tid, ved scoring av Liv Elise Folden og Bengt Hole Alnes ( Manchester United), Iselin Fet og Øyvind Høydal*(Marseille) * Øyvind Høydal gjekk inn på laget til Marseille, etter at Kim Ramstad plutselig forsvann! Men vi fant han at seinare på rus(s)frifesten på Storhallen samme kveld!
På slutten av 2 ekstraomgang, scorte Liv Elise Folden det avgjerande målet som sendte Manchester United til finalen.
JUMBOFINALEN
I jumbofinalen var det aldri i tvil om kvar seieren skulle ende.
Schalke 04 vann heile 5-0 mot eit tafatt Real Madrid....4 mål av Anna Hole og 1 av Rune Hole.
BRONSEFINALEN
I Bronsefinalen var det Marseille som stakk av med seieren etter 2-1 over Inter Milan..
Øyvind Høydal og Robin Urke Brunstad scora for Marseille, mens Henning Knotten scora trøstemålet for Inter Milan.
FINALEN
Etter mange tøffe kampar i gruppespelet og utslagsrundane var det fortjent at finalen skulle gå mellom Manchester United og Barcelona.
Det var igjen 2 minutt av kampen, United leda 2-0, og såg ut som å ha kontroll..men dette ville ikkje Barcelona ha noko av, og når tida var ute hadde stillinga blitt 2-2 og det gjekk til ekstraomgongar. Men her viste United seg som for sterke for Barcelona, og vann til slutt 4-2.
3 scoringar av Bengt Hole Alnes og 1 av Liv Elise Folden stod for måla til Manchester United! Thomas Jarle Grimstad og Ove Magnus Ødegård scora for Barcelona.
Manchester United vant Champions League!
Etter turneringa var ferdi var det berre å rydde opp og kome seg heim, mange hadde andre planar for kvelden, men alle var fornøgde med arrangementet som gjekk utan noko form for problem.
Laga var som følger:
1plass) Manchester United- Bengt Hole Alnes, Liv Elise Folden og Gunnar Skogvold
2plass) Barcelona-Thomas Jarle Grimstad, Ole Peder Holmberg og Ove Magnus Ødegård
3plass) Marseille- Robin Urke Brunstad, Iselin Fet og Kim Ramstad
4plass)Inter Milan-Henning Knotten, Bendik Hole Alnes og Dag Ruben Ødegård
5plass) Schalke 04-Rune Hole, Mathias Lade Ulriksen og Anna Hole
6plass) Real Madrid-Øyvind Høydal, Espen Andre Lade og Arne Emdal Sørensen
MHV Velledalen Ungdomstrim
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024