”Dagens Konrad” er politikar

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2011

Bilete frå Konradløpet 2010

Det er valår, og det er venta at mange lokalpolitarar vil vise seg fram under årets Konradløp.



Men hittil er ikkje mange i det sitjande kommunestyret påmelde. Men Eldar Høidal er. Han er stort sett fast gjest under Konradløpet, og det ein kan kalle stabil tidsmessig. Til og med svært stabil. Tida til SV-aren har siste åre vore 20 minutt, med anten nokre sekund minus eller nokre sekund i pluss. For ein mann midt i 50-åra er dette bra, og vitnar om at ein driv i alle fall litt kroppspleie i form av trening.



Men tida er ikkje det viktigaste i Konradløpet. Tidlegare har ordførarkandidat frå FRP, Olav Harald Ulstein og frå SP, Odd Jostein Drotninghaug, delteke. Det same har ordførar Jan Kåre Aurdal (KRF) gjort. Etter Konradløpet kom i stand har ingen blitt ordførar som ikkje har delteke i løpet. Verdt å merke seg.



Difor er Konradløpet 2011 politisk viktig. Jarle Strømmegjerde, Petter Lyshol og Steinar Johan Bakke har alle ein ”ordførar” i magen. Skal dei kunne bli det, veit dei kva dei har å gjere 1.mai 2011.