Skulepremiar i Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2011
Elevane i dei eldste klassene i barneskulen kjemper om to flotte skulepremiar når startskotet smell i Minikonrad 30.april.
Dette er nytt av året. Det er flotte premiar som vert delte ut der og då, altså ikkje vandrepremiar. Ein av premiane går på breidde, den andre på resultat.
Premie til den barneskulen som har med flest deltakarar i prosent av det totale elevtalet.
Premie til den barneskulen som stiller beste trioen tidsmessig av dei elevane som spring med tidtaking. Gut eller jente spelar inga rolle, det er dei tre beste tidene til elevar ved same skule som blir lagt saman.
Vi skal ikkje nemne favorittar i denne samanheng, men truleg vil det vere fordel i favør av små skular i den fyrste konkurransen. Og stikk motsett i den andre. Her vil store skular ha fleire å velje i. Det er venta at det kjem ein slagferdig trio (minst) frå Ringstad skule på Stranda.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024