Kjellaug Ulset ”Dagens Konrad”

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2011

Kjellaug Ulset er ein mosjonist i Konrad Brunstad si ånd



Ho var i fjor mellom dei seks over 80 år som deltok i Konradløpet. Og ho er alt påmeldt til 1.mai 2011, noko som betyr at det så langt er påmeldt tre personar over 80 år. I Kjellaug sin ungdom var det ikkje vanleg at kvinner dreiv idrett. Difor har ho inga karriere å vise til. Men ho har ”teke seg opp” på sine eldre dagar – akkurat slik

  Mons-Konrad gjorde.



Kjellaug er ein ivrig mosjonist året rundt. Anten på sykkel eller til fots. Det er ikkje reint få kilometer ho har lagt bak seg gjennom åra.



Vi ynskjer Hol-Kjellaug lukke til med dei siste førebuingane