Tommy vil kaste glans over Minikonrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2011

Hittil har ingen skihoppar med hopp over 200 meter sett sine bein i Velledalen. Men 30.april skjer det.



Tommy Lianes kjem frå Stordal, er fødd i 1992, og er for tida skuleelev på Lillehammer der forholda er optimale for skihopping. 18-åringen fekk tidlegare i vinter vere prøvehoppar i Vikersund. Då viste han seg skikkeleg fram med fleire hopp over 200 meter i den nyutbygde bakken. Det lengste målte 217.



Under Minikonrad skal han fyrst sjå løpet på Brunstad, før han skal vere premieutdelar i Velledalen grendahus, der premieutdelinga skal vere i år. Alle deltakarar vert premiert. I tillegg skal Tommy dele ut dei to skulepokalane. Den eine går på deltaking i prosent av skulen sitt totale elevtal. Den andre går til skulen med beste tremannslag. Her vil dei tre beste tidene til kvar skule bli summert (gjeld 5.- 6.- og 7. klasse). Pokalane er ikkje vandrepremiar, men vert vunne til odel og eige fyrste år. Dette betyr at elevane ved påmelding til Minikonrad (på løpsdagen), òg må melde frå om namnet på skulen sin.


Her er det berre å leite fram autografblokka.