”Dagens Konrad” kjem frå Emblem
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2011
Og han er over 80 år.
Vi snakkar om Karstein Sørland. Ivrig idrettsmann frå Emblem IL både med løp, orientering og langrenn på programmet.
I 2010 deltok Karstein både i Konradløpet og Konrad Extrem. Han har òg vore deltakar i Det Store Folkerennet. Ein av grunnane til at han er trottig i vårt nedslagsfelt er at dotter hans har hytte på fjellet.
Med Karstein påmeldt har vi alt no to aktive over 80 år. Alt tyder på at det vert mange i denne aldersgruppa på startstreken 1.mai (seks i fjor). Dette er både kjekt, og ikkje minst; det er
i Konrad Brunstad si ånd.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024