Premiekomitéen vil gjerne ha premiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2011
Konradløpet har eigen premiekomité, som no er inne i ei hektisk tid.
Straks er det påske. Etter det er det berre ei knapp veke til Minikonrad (30.april) og Konradløpet (1.mai). Medlemar i komitéen er Marit Hole, Odd Kåre Fet og Linn Tove Akselvoll Lade.
Til Minikonrad er det berre kjøpepremiar, men under hovudløpet er størstedelen av premieringa gåvepremiar. Kring 20 prosent av dei startande skal premierast, så totalt må det skaffast 60-80 premiar, helst av bra kvalitet og ikkje verdi under 100 kroner.
Om nokon vil hjelpe dei tre med ein premie eller to så kontakt dei. Her kan ein vere oppfinnsam. Det treng nemleg ikkje vere tradisjonelle premiar. Rykta seier at ein av premiane er ein ”date” med ei 33 år gamal kvinne. Når vi no offentleggjer det, reknar vi med det vert fart i den mannlege påmeldinga.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024