Konradløpet - polakk raskast med påmeldinga.
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2011
Påmeldingane til Konradløpet 1.mai sig no inn. Raskast ute med påmeldinga dette året var Tomasz Rzadkiewicz.
”Pe-Tomas” som han vert kalla mellom vener er ingen kven som helst i Konradløpsamanhang. I fjor vart han ummer 18 (av 299) med tida 19.50. I fylgje vår statistikk er dette polsk rekord i løpet. Tomasz bur i Velledalen. I det som vert kalla Sykkylvsvegen, eit monument over manglande politisk gangsyn, nærare bestemt i nummer 1716. Mannen er 37 år, arbeider hos Ekornes, og kan no gratulerast med premie for rask påmelding.
VIL-nett vil i framtida presentere fleire av dei påmelde i årets løp.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024