122 løparar i Det Store Folkerennet

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2011

I går venta dei færraste at det vart renn i det heile, men ”meteorolog” Per Gunnar Holmberg hadde meldt fint vêr til 3.april alt for 30 dagar sidan, og fint vêr vart det.



Tradisjonelt har Det Store Folkerennet vore mest populært mellom påskegjestar. I år er påska sein, så sein at arrangøren ikkje tok sjansen på å vente til langfredag. Sett på den bakgrunn er vi nøgde med 122 deltakarar, som er nesten nøyaktig halvparten av i fjor (247).



Av dei 122 deltok 24 i årets Bygdameisterskap i langrenn. Der vart det delt fyrsteplass mellom Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen i den lengste løypa (Vi legg ut resultata i løpet av kvelden).



Så vidt vi registrerte var Paul Hole eldste deltakar. Han går i sitt 82. år, men fullførte lengste løypa rundt Nysætervatnet i fin stil. Sprekt gjort av Paul, og det same må seiast om Oddvar Rønneberg (75) som var eldst av dei som gjekk på tid. 51.42 brukte han rundt Nysætervatnet. Ei tid dei fleste tenåringar i bygda ikkje hadde ”håra” etter.