Fetvatnet Rundt 14. august

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2011

På sist styremøte vart ikkje Fetvatnet Rundt tidfesta, fordi vi ikkje visste datoen for ”Stølsturen-helga” i Sunndalen.


Stølsturen er no lagt til sundag 21. august.



Det passer då bra for Velledalen IL at Fetvatnet Rundt vert sundag 14. august. Då kolliderer vi i alle fall ikkje med Birkebeinerrittet, sjølv om vi truleg kolliderer med andre lokale ritt. Men Fetvatnet Rundt er ei familie- og massemønstring , og ikkje fyrst og fremst eit arrangement for personar med ekstrem sykkelstyrke.



Så merk datoen, like etter fellesferien, ynskjer vi alle velkomne til mosjon og sosial samling i idylliske omgjevnader på Fet.