Storhelg - Pengane rulla inn for Sondre Brunstad Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2011

Petter Northug jr. tener store pengar i skiløypa. I helga fekk ein gut av velledalsopphav smake litt på det gode liv som skiløpar.



Dei to siste renna i Sparebanken Møre Cup gjekk i helga. I Valldal laurdag, begge stilartar med skibyte stod på programmet der. Ikkje overraskande vann Sondre klasse G 14. Samanlagtsigeren var sikra før siste rennet på Stavsengfjellet i dag.



Her var det tre kilometer i klassisk stil som stod skulle gjennomførast. Nullføre og veksling mellom snø og opphald. Støtteapparatet valda rubbaski. Det vart ny suksess. Sluttid 8.10 på tre kilometer og ein sigersmargin til nestemann på 44 sekund. Utklassing, korkje meir eller mindre !



Dermed to sigrar på to dagar. Men det var premieutdelinga i dag som vart høgdepunktet. Fyrst henta han sigerspremien pluss ein gåvesjekk på 150 kroner frå Sport 1 Tomra. Så vann han eit treningsstipend frå Ørskog Sparebank og
   Sport 1. Tomra. Rett nok delt med Trond Marius Vad frå Valldal, men det gav Sondre likevel 2500 kroner pluss eit nytt skipar. Så var det samanlagtpremiering for Sparebanken Møre Cup. Igjen klivra Sondre til topps på pallen. Denne gongen tok han mot premie pluss ein sjekk på 600 kroner.



Med andre ord: ei framifrå helg for Sondre Brunstad Fet og servicepersonellet hans.


Vi gratulerer guten, støtteapparatet, besteforeldre, onklar, tanter, syskjenborn, kattar, hundar og det som elles måtte vere av kjæledyr i slekta.


Sjølv om du representerer SIL er velledalingane stolte av deg, Sondre!