Møbelaking – NM-vinnar frå Velledalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2011

Jan Helge og Marcus Myhre

Laurdag vart det arrangert NM i møbelaking i Hevsdalen, med ein utflytta velledaling i ei sentral rolle.



Det var Jan Helge Myhre som var hyra inn som éin av tre pilotar på Slettvoll sin farkost. Den bar namnet ”Åknesremna”, og konkurrerte i sofaklassa. Åleine som dei var måtte dei berre vinne.



Men det vart fleire titlar på Slettvoll. Dei vann Publikumsprisen, Juryen sin spesialpris og Heiagjengprisen, noko som gjorde at dei vart mestvinnande bedrift under NM.


Gratulerer til Jan Helge!




Raskast ned løypa var Stranda Revylag med farkosten ”Skidag på eldresenteret”