Birkebeinerprofilen – som far så son
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2011
I det som mest truleg vert siste birkebeinerprofilen før rennet, set vi fokus på ein retteleg birkebeiner – nemleg Berth Wilhelmsen.
Laurdag 19. mars må friskusen forlate sengjahalmen tidleg. Når skotet går på startsletta på Rena, og Berth skvett framover i løypa, viser klokka 07.00. Det betyr at han går under strøkne forhold. Såleis er dei heldige dei som går i klasse 65-69 år, slik Berth gjer.
Berth har rutine. Dette har han gjort mange gonger. Han fyk ikkje ut frå start som ein jase og dett ned att som ein lort alt på Skramstadsætra. Nei, har går ut i sitt tempo, og det held han til ”the bitter end”. Korkje meir eller mindre. Mange kunne nok fylgt han i starten. Men når ein har passert tre mil, og harde stigningar røyner bak i bakkane opp frå Kvarstaddammen, er Berth David Wilhelmsen like forbaska kvikk i replikken og lett i steget
I fjor sneik Berth seg godt synleg med på fjernsynssendinga frå rennet. Det same gjorde Roger Malvin Hole. Vil nokon sjå etter Berth under årets sending er startnummeret å kike etter 923.
For Berth David Wilhelmsen vil 19. mars verte ein merkedag. Eit jubileum. Han går sitt 31. renn, og kan ta sitt 30. merke. Det vil seie, det er ingen tvil: han tek sitt 30. merke. Ingen på Sunnmøre har fleire enn den barske nordlendingen som representerer Sykkylven IL.
Medan Berth tek sitt 30. merke, tek truleg sonen Tim-Sture sitt fyrste - i sin tredje start. Rapportane seier han har trena bra, og no er det på høg tid den tidlegare fotballspelaren startar merkesankinga om han vil hamle opp med faren. Frå pulje 9 med startnummer 6217 startar Tim-Sture klokka 0850, som utøvar for GSK bedriftsidrettslag. Då går Berth i same turtal som han opna i, i nærleiken av Kvarstaddammen. Seinare kjem ein trøkk opp Midtfjellet. Sjølv Berth pustar tungt der – trøysta er at han lever ungt.
VIL-nett ynskjer lukke til på turen, både til far og son.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024