Birkebeinerrennet – i dag med gjesteprofil
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2011
Roger og Svein etter Folkerennet 2010
Vi har tidlegare presentert VIL sine løparar i Birken. No er turen komen til andre kjende figurar.
Vi startar med Roger Malvin Hole. Hol-hynen er vaksen no, det kan vi trygt slå fast ettersom klassa er 45-49 år. Guten som i unge år representerte Velledalen IL med bravur, har skifta klubb til meir urbane Gjelleråsen IF.
Laurdag er det fjerde gong ”Hampten” trykkjer gasspedalen i botnen på Tingelstadjordet på Rena. Klokka 09.25 forlet han denne ”marka” som det heiter i Velledalen, frå sin startposisjon i pulje 16. Nummeret som pryder den solide brystkassa er 10889 – korkje meir eller mindre skal vi tru arrangøren.
Om Roger Malvin kjem i kontakt med velledalingar undervegs er mindre truleg. I fjor gjekk Roger på 5.21. I år er 4-talet som fyrste siffer realistisk under gode forhold. Bastian og Fredrik startar høvesvis 15 og 20 minutt bak. Dei skal ha god vind i segla og lite gele i håret om dei vil ha kontakt med Roger. Med mindre han går på ei smørjeblemme. Det kan skje sjølv den beste.
God tur, Roger ! VIL-nett spår du sjagar under målseglet på 4.44.44 – ei vanskeleg tid å klare, men lett å hugse.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024