Dagens birkebeinerprofil – startnummer 1846
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2011
Han er nestoren mellom VIL sine løparar. Laurdag gjer han sin start nummer 18 i den 54 kilometer lange kraftprøva.
Svein Arne Nakken har vore skiløpar mesteparten av sitt 45 årige liv. Det starta i relativt unge år med lokale renn. Og ikkje så heilt lite prestisje. Han hadde nemleg to harde rivalar i eigen klubb i Roger Malvin Hole og Odd Jostein Drotninghaug, og eit par minst like harde i naboklubben Sykkylven IL.
Men det var fyrst i 20-åra, då han vart lærarstudent på Austlandet, at Svein for alvor fekk den gode smaken på langrenn. Med eit langt meir stabilt klima vart det brått kjekkare å vere skiløpar. Etter Svein kom heim som utdanna lærar har det berre balla på seg. Han reiser både kort og langt for å delta. Holmenkollen
Skimaraton, Vasaloppet, Birkebeinerrennet og Fjellsæterrunden er meir eller mindre faste. Gyls-Svein kvir seg ikkje for å ta laust.
Eit sterkt seedingsrenn på Austlandet tidlegare i vinter gjer at Svein skal starte i pulje 1 komande laurdag. Det betyr tidleg revelje. Heilt naudsynt med start klokka 08.05. Dermed vert han fyrst ut av våre, og han har berre gode løparar rundt seg i starten. Om han vert fyrst i mål er meir usikkert. I så fall må han vere brennheit og heiltend frå fyrste stavtak. Ein ung og viril Kenneth Fet jagar nemleg ut frå startsletta berre fem minutt
seinare. Eit føresprnag vi fryktar vert i minste laget for Svein.
Komande renn vert renn nummer 18 for vår veteran. For fyrste gong i klasse 45-49 år, der han går for sitt birkebeinermerke nummer 13. Normalt sett vert ikkje det noko problem. Men Svein er ein løpar som går klart best på kaldføre. Vert det klister, mildt og vanskeleg er han ikkje like stabil. I 2010 måtte han smørje om, men kom likevel under 3.30.
Det trur vi han greier laurdag òg. Tipstid: 3.24.08
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024