Dagens birkebeinerprofil – startnummer 2175
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2011
I dag er det sju dagar til rennet, og tida er inne for å presentere VIL sin femte deltakarar
Då skal vi til Fet. Der finn vi Kenneth Fet, til dagleg siste års elev ved langrennslina på Stranda. Mykje god trening der siste åra har gitt sportsleg framgang. Både på ski og i springing. Sist vår fekk han sjå 15-talet under Konradløpet. Og årets Fjellsæterrunde var framifrå – nummer fire totalt og i særklasse beste lokale utøvar.
Kenneth gjekk Birkebeinerrennet for fyrste gong i 2010. Det gjekk over all forventning. Han tok merkekravet lett. Plasseringsmessig (klassevis) var han best av VIL sine utøvarar med 76. plass i klasse 16-19 år. Han kom inn til tida 3.14.24, tidsmessig nest best av våre, kring tre minutt bak Kristian Moe. Siste mila gjekk han med krampe i begge bein. Eit teikn på at han ikkje har spart seg. I år kjenner han løypa i alle fall litt. Det vil vere fleire minutt tent.
Han må opp tidleg neste laurdag, Kenneth. Vi finn han i pulje to. Det betyr at løparane der brusar opp turtalet i turboen nokre minutt over 08.00. Starten går 08.10. Då må ”motoren ” vere blåsen rein og kroppen slaggfri – som Konrad Brunstad brukte seie.
Vêr og føre spelar sjølvsagt ei rolle i eit renn på 54 kilometer med lett pakning på ryggen. Men Kenneth er så god at det er inga bombe om han kjem inn på beste tida ein VIL-løpar nokon gong har gjort. Med skarpt føre kan han til og med true tre timars grensa. Skal vi driste oss til med eit aldri så lite tips, held vi ein knapp på målgang for Kenneth om lag klokka 11.15 laurdag den 19.mars. For å vere heilt nøyaktig sjansar vi på 3.04. 26
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024