Tolv dagar att – seks utøvarar frå VIL går Birkebeinerrennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2011
Bastian Skogvold og Fredrik Nilsen på trening i 2009
Laurdag 19. mars vert Velledalen IL representert med seks utøvarar i det 54 kilometer lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer.
Dette er ein utøvar mindre enn under fjorårets renn. Kristian Moe har trappa ned og Andreas Tømmervik har flytta. Inn på laget som ny har Fredrik Nilsen kome. Vi skal dei nærmaste dagane presentere løparane våre, éin løpar kvar dag.
Vi startar med Fredrik Nilsen. Han er endeleg komen ut av skåpet, og funne ein idrett der han har arvelege gener til å prestere. Faren, Kjell Arne Nilsen, vart nemleg KM-vinnar i langrenn på heimebane vinteren 1967. Rett nok nokre år før Fredrik var tiltenkt, men genene er uansett planta i guten. Og tek vi ikkje mykje feil har mora gått Ingalåmi opp til fleire gonger.
Faren vart ikkje berre KM-vinnar. Som 4. klassing ved Velledalen skule kvalifiserte han seg til skulebygdalaget i langrenn, som møtte tilsvarande lag frå Stranda og Sunnylven til stafettdyst. Dette var seksmannslag med to utøvarar frå fjerde-, to frå femte- og to frå sjette klasse. Dette var før likestillinga nådde bøvelsbygda, såleis var alle utøvarane gutar. Etter ei kvalifisering kom to velledalsgutar og fire frå Ikornnes med på Sykkylven sitt lag. Den store eldsjela og primus motor bak dette prosjektet i Sykkylven var lærar Asbjørn Kilsti. Stafettdysten stod på Stranda med fleire tusen tilskodarar. Og grunnen var såre enkel; heile den norske langrennseliten var der og gjekk renn mot slutten av sesongen.
Sykkylvslaget vann skulestafetten med klar margin, og slik fekk Kjell Nilsen trykt handa til fleire av idola som fungerte som premieutdelarar etter stafetten. Og han kom på fjernsyn, i eit program som heitte ”Falkeklubben”.
Laurdag 19. mars spørst det om Fredrik Nilsen kan leite fram nokre av dei rette genane. Som debutant får han eit dårleg utgangspunkt, med start klokka 09.45. Dermed har tusenvis av løparar starta før han, som betyr at sporkvaliteten vil vere sterkt forringa. Vi ynskjer debutant Fredrik, med startnummer 13225 på brystet, alt godt på turen. Han veit det vert tøft. Og han veit at berre fem minutt før han ut frå start, fyk ein utøvar han godt kan tenkje seg å slå. Denne utøvaren vert presentert som andremann
av VIL sine seks djerve menn – følg med!
Alex
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024