Fjellsæterrunden 2011 – dei harde fakta

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2011

Alf Petter Bø beste bedriftsløper 2011

Ja korleis vart deltakinga i 2011..? Tilfredsstillande eller…?



Årets renn er over. Utgåve nummer 34, om vi reknar med prøverennet som vart arrangert i 1978. Den gong av SIL åleine. Året etter kom VIL, IIL og HIL med. Årets renn gjekk under gode forhold. Vindstille opphaldsvêr. I korte glimt trua sola med å presse seg fram. Løypene gode, og realt klisterføret



Men deltakinga, er arrangøren nøgd med den. Tala for 2011 vart slik:


3 løparar i bedriftsklasse (15 kilometer)


26 løparar i trimklasse (10 kilometer)


38 løparar i turrennklassene (28 kilometer)


123 løparar i Barnas Fjellsæterrunde


Totalt deltakartal er med andre ord 190. Dette er talet på løparar som faktisk deltok. Programheltar er ikkje medrekna



-Det er mykje som kunne vore kommentert med omsyn til desse tala. Men vi er godt nøgde med 123 i Barnas Fjellsæterrunde. Det er det nest beste vi nokon gong har hatt, seier Svein Arne Nakken i VIL –langrenn før han held fram.


-Men vi skal ikkje gløyme at Fjellsæterrunden hadde over 500 deltakarar i sine beste år. Og det var FØR Barnas Fjellsæterrunde kom i gang. I desse åra (på 1980-talet) deltok kring 300 i trimklassa. I dag har terskelen for å delta vorte mykje høgare. Å ta på seg eit startnummer er for mange mest som ei uoverstigeleg barriere, seier Nakken, som har meir på hjartet.


-Det heiter seg at vi må få folk ut av stolane. Vel å bra nok det, men vi må òg hugse at det i dag ikkje er kultur i sykkylvsbedriftene for å stimulere arbeidarane sine til å gjere dette på same viset som tidlegare. Tenk på bedriftsstafetten som samla eit par hundre deltakarar i Sykkylven på det argaste. Det var ei anna tid då, og langt lavare terskel for å delta, sluttar ein engasjert skileiar, som i alle fall kan gle seg over gode tilbakemeldingar frå dei aktive som såg seg syn med å delta i årets Fjellsæterrunde.