Kenneth sin store dag i Fjellsæterrunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2011
Kenneth Fet (18) leverte i dag eit av sine beste renn på sunnmørsk snø under det 34. rennet i Fjellsæterrunden.
Kenneth imponerte i dag. Med tida 1.21.58vart han klassevinnar i gutar eldre junior. Akkurat det var ikkje så stor prestasjon, etter som han var åleine i klassa. Men han vart nummer fire totalt i rennet. Og det var ikkje smågutar som slo han, nemleg Knut Anders Hatlen, Vegard Godø og Pål Bjørn Øvrebust.
Men kanskje endå viktigare. Kenneth viste i dag at han er gjennomtrena. Andrerunden var sterk. Så sterk at han heldt Øvrebust på denne runden.
Vi gratulerer ikkje berre Kenneth med innsatsen. Heile støtteapparatet fortener honnør. Også Kenneth sin kvinnlege sportslege koordinator frå Stranda.
Sjå resultatlista. Også Svein Arne Nakken og Ole Johnny Myrseth leverte varene. Det kjem meir fram i anna sak. Og flott innsats av
Sondre Brunstad Fet og Alf Petter Bø mellom dei som gjekk éin runde.
Resultatliste 2011
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024